Ledige stillinger
Innvær Mur & Betong treng fleire med på laget!
Er du klar for ei ny utfordring?
Me i Innvær Mur og Betong ser etter engasjerte og dyktige medarbeidarar til gjengen vår. Anten du har mange års erfaring eller ønskjer å starte karrieren i betongbransjen, kan dette vere moglegheita for deg.
Hos oss blir du ein del av eit profesjonelt og inkluderande arbeidsmiljø, der kvalitet, stoltheit og godt handverk står i fokus.
Kven er me?
Innvær Mur og Betong har lang erfaring i bransjen og leverer tenester til eit breitt spekter av prosjekter. Me har arbeidsdagane våre på veg- og anleggsprosjekt, i byggegropa for bustadhus, i renovering og oppussingsprosjekt eller i større nærings- og industribygg. Prosjekta våre er hovudsakleg på Haugalandet, med enkeltoppdrag utover i regionen. Innvær Mur & Betong har stoltheit for faget, og har som målsetting at arbeidet vårt er utført kvalitet og den ekstra prikken over i’en.
Me søkjer etter deg som:
- Er betongarbeidarar/forskalingssnekrar med erfaring innan forskaling, armering og betongstøyping.
- Har auga for detaljar og levere kvalitet i arbeidet.
- Er løysingsorientert og trivst med varierte arbeidsoppgåver.
- Har evne til å samarbeida godt i team og åleine, samstundes som du tek ansvar når det trengs.
- Har førarkort klasse B
- Er lærling og vil utvikle deg innan betongfaget, og lære av dei erfarne fagfolk våre.
Kva kan me tilby deg?
- Ein arbeidsplass med spanande prosjekter.
- Moglegheit for utvikling av ferdigheitene dine gjennom praktisk arbeid og fagleg oppfølging.
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver på store og små prosjekt.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Forskaling og armering
- Støyping og pussing
- Anleggsarbeid på små og store prosjekt
Er dette noko for deg? Send oss ein kortfatta søknad og CV til anders@imb.as, eller ta kontakt med oss på telefon for ein uformell prat.
Du kan også lese meir om oss på nettsida vår imb.as eller besøkje LinkedIn-profilen vår: Innvar Mur og Betong.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontakt oss
Har du spørsmål eller ønsker mer informasjon om våre tjenester? Vi er her for å hjelpe! Ta gjerne kontakt med oss via telefon, e-post eller ved å fylle ut kontaktskjemaet, så svarer vi deg så snart som mulig.